2024 - 2025
Rallylydighet er ein morsom og utfordrande hundesport som styrkar bandet mellom hund og eigar.
Sporten går ut på å gå gjennom ei bane med ulike øvelsar som er henta frå lydigheit, agility og freestyle.
Skilt med øvelsane vert sett sammen til ei bane. Skilta forteller deg kva du skal gjere, enten på staden eller i bevegelse. Mellom øvelsane som står på skilta skal ekvipasjen gå lineføring/fri ved fot, dersom det ikkje står noko anna på skiltet.
I konkurranse er det delt inn i ulike nivå, der du startar i klasse 1 og så vidare til klasse 2, 3 og elite.
Årdal hundeklubb tilbyr kurs og konkurransar i rallylydighet for hundeeigarar på alle ferdighetsnivå.
Våre instruktørar rettleiar deg og din hund gjennom øvelsane, sånn at de kan få til godt samarbeid og resultat.
Ta kontakt med oss for å komme i gang med rallylydighetstrening!