Om klubben
Årdal hundeklubb vart stifta i april 1976, og er ein samarbeidande klubb med NKK.
Klubben vert driven på dugnad. Det er viktig at medlemane engasjerer seg i drift av klubben og kjem med forslag og ønskjer om aktivitet.
Vi skal vere ein klubb for alle - uavhengig av rase, blanding, alder og ambisjonsnivå. Her er du velkomen enten du vil drive med aktiv hundesport, sosial trening med hund, eller rett og slett for å slå av ein hyggeleg hundeprat.
Vi legg vekt på trivsel og ein god og open tone sånn at alle skal føle seg velkomne. Vi hjelper kvarandre og har eit felles mål om trivsel for hundar og eigarar.
Nokon trenar aktivt for å konkurrere. Andre trenar på kvardagslydigheit, deltek på kvalp- og unghundkurs, temakurs eller andre fellesaktivitetar.
For medlemer er det faste treningar gjennom veka i rallylydighet/lydighet og agility. Dette er og fine treningar for å trene miljø.
Me arrangerer ulike kurs etter behov og ønskje. I tillegg har me årleg konkurranse i agility og rallylydigheit.
Bli med oss og gje hunden din varierte aktivitetar og treningar!