Alle - uansett hunderase - er velkomen til å vere med i klubben, Enten du vil drive med aktiv hundesport, sosial trening med hund, eller rett og slett for å slå av ein hyggeleg hundeprat.
Årdal Hundeklubb disponerer eit stort inngjerda treningsområde i Seimsdalen.
Her har me brakke til møter og oppholdsrom. Container til oppbevaring av agilityutstyr og ei lita utstyrsbrakke til diverse anna.
Det er også ein inngjerda luftegard på 2 x 2 meter med dør tilgjengeleg på området.
For medlemer er det faste treningar gjennom veka i rallylydighet/lydighet og agility. Dette er og fine treningar for å trene miljø.
For å få tilgang til treningsområdet må du vere medlem. Send e-post til aardal@klubb.nkk.no for å få kode til låsen.
Oversikt over planlagte aktivitetar finn du på Facebook-sida vår.
Bli med oss og gje hunden din varierte aktivitetar og treningar!
Copyright © Årdal hundeklubb